mandag 23. februar 2015

Her kan du lese om Lerum Cup

Hei

Vi stiller med to lag i Lerum Cup i Sogndal 26.-28. juni. Vi gleder oss!

Les mer her. 

Det blir en egenandel, men vi kommer tilbake med mer info. om dette etter vinterferien.

I slutten av juni kvart år kjem 4-5000 ivrige fotballjenter og gutar frå store delar av Sør-Norge til Sogndal for å delta på Lerum Cup.

Gode grasbaner, lang erfaring som arrangør og eit tett og oversiktleg arrangement, er nokre av grunnane til at mange lag vel Lerum Cup år etter år.

Kampane vert spela på Sogndal fotball sitt treningssenter på Hafslo, Fosshaugane og på Kaupanger. Dette gir eit tett og oversiktleg arrangement der det gode og trygge turneringsmiljøet står i fokus. All transport til og frå banene og skulane brukt til overnatting er gratis og går etter eige rutesystem.

Sogndal er med sine knappe 7000 innbyggjarar og 2000 studentar regionsenteret i Indre Sogn. Her finn du eit yrande folkeliv og eit godt utval i butikker. Du får nærleik til Sognefjorden, fjell, brear, stavkyrkjer og andre turistmagneter. I indre Sogn finn du eit godt utval i overnattingsstader. Men ver tidleg ute, det er mange om beinet!


Bilder fra i fjor:




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar